Liten endring i kjønnsmønsteret

06.06.2013
Fordelingen mellom mannlige og kvinnelige styrerepresentanter i aksjeselskap er konstant. Vel åtte av ti styrerepresentanter i aksjeselskapene er menn, viser tall fra Statistisk Sentralbyrå.
I aksjeselskapa (AS) er 17,7 prosent av styrerepresentantane kvinner. Den høgaste delen kvinner finn vi innanfor næringane lønt arbeid i private hushald med 75 prosent, anna tenesteyting med 50 prosent samt helse- og sosialtenester med 38 prosent av styrerepresentantane, skriv ssb.no

I allmennaksjeselskapa (ASA) er det høgast del kvinner i styra innanfor overnattings- og serveringsverksemd med 50 prosent samt transport og lagring med 43 prosent av styrerepresentantane.

72 prosent av aksjeselskapa har berre mannlege styrerepresentantar. Dess større styret er, dess høgare er delen føretak som har både menn og kvinner i styret.

Fleire kvinner har høgare utdanning

I allmennaksjeselskap har 71 prosent av kvinnene i styra utdanning utover vidaregåande skule. Tilsvarande tal for menn er 63 prosent.

I aksjeselskap ligg delen kvinner som har tatt utdanning ved høgskolar eller universitet, på 49 prosent, som er 22 prosentpoeng lågare enn i allmennaksjeselskap.

Dei fleste med eitt styreverv

To av tre styrerepresentantar har eitt styreverv, medan ein av fire har to eller tre. 96 prosent av kvinnene og 88 prosent av mennene har opptil tre styreverv.

Drygt 900 menn har fleire enn 20 styreverv, noko som svarar til 0,5 prosent av alle mannlege styrerepresentantar.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund