- Etisk plikt å løyse CO2-problemet

08.11.2011
Norge som storeksportør av olje og gass, har etisk plikt til å gå i front i utviklinga av teknologi som kan løysa CO2-problemet, seier tidlegare olje- og energiminister Einar Steensnæs.

I sommar blei han av energiminister Ola Borten Moe spurt om han ville ta på seg styreleiarvervet i statlege Gassnova.

Det er Gassnova som skal koordinera Stoltenbergs ambisiøse månelandingsprogram. (Les: utvikling og bygging av CO2-fangstanlegg i fulll skala på Mongstad).
Til neste år har Gassnova fått tildelt tre statlege milliardar kroner til å førebu «måneferda og landinga». Meir eller mindre kvalifiserte spådommar tyder på at sluttrekninga vil lyda på åtte gonger så mange milliardar kroner før eit fullskala CO2-fangstanlegg er kome i drift på Mongstad, skriv aftenbladet.no.

Risikofylt

– Kunne ikkje denne uhorvelege pengemengda blitt nytta på ein meir fornuftig måte og likevel til beste for miljø og klima?

– Ingen veit i dag kva eit CO2-fangst- og lageringsanlegg vil kosta. Men det blir store beløp. Sjølv om det skulle kosta 30 milliardar kroner utgjer det likevel berre ein prosent av Norges pensjonsfond utland, kapitalen som er spart opp etter norsk olje- og gasseksport.

Sjølv petroleumsnæringa, slepp me billeg unna finanskrisa. Skal ein kunne nå målet om å stabilisera temperaturauken med to grader og dermed hindra klimakollaps, må løysingar for fangst og lagring av klimagassen karbondioksid stå for 20 prosent av tiltaka, seier Steensnæs.

– Direktøren for klimateknologisk forsking ved Sintef, Nils Røkke hevdar at CO2-fangstteknologien er der, men politisk vilje manglar. Kvifor er det blitt så mange utsetjingar på Mongstad?

– Dette er risikofylt og uprøvd teknologi i full skala. Sjansen ligg der for at ein ikkje når fram i første forsøk. Dertil har uvisse rundt aminteknologiens helsefare og finanskrisa internasjonalt bidratt til utsetjingar. Når store investeringar skal gjerast må ein gjera det ein kan for å opptre så kostnadseffektivt og energieffektivt som råd er. Difor startar Gassnova eit treårig program frå 2012 til 2015 med prekvalifisering av selskap og deira teknologi. I 2016 skal Gassnova kunne konkludera og presentera eit vedtaksgrunnlag for regjeringa slik at eit fullskala CO2-anlegg kan stå klart på Mongstad i 2020.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund