-Kjekt at vi blir lagt merke til

17.12.2019
Wärtsilä si skipsdesignavdeling på Stord vinn internasjonal designpris


To containerskip som Wärtsilä Ship Design har designa, vann pris for beste handelskip i den prestisjefylte amerikanske «Work Boat»-kåringa i førre veke

Stord-selskapet designa skipa «Taino» og «El Coqui» for det amerikanske reirlaget Crowley Maritime Corporation, skriv Stord24.no

Tysdag sist veke blei dei kåra til «Årets båt» under ein seremoni på det internasjonale «Workboat Show» i USA. Skipa er dei første containerskipa i verda som har naturgass som drivstoff (LNG) og er designa av Wärtsilä Shipdesign på Stord.

– Dette er ei flott annerkjenning av jobben våre dyktige designere gjer her lokalt, og det er kjekt at arbeidet vårt på denne måten får mykje global merksemd, seier leiar av Wärtsilä si skipsdesignavdeling på Stord, Ove Wilhelmsen.

 
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund