- Overraska over negative tal

02.06.2014
Ei bedriftsundersøking fra mai 2014, basert på svar frå 846 bedrifter i Hordaland, viser at optimismen i Hordaland fylke er lågast i Hardanger og Midthordland. I Odda kjenner ein seg lite igjen i undersøkinga
Næringsbarometeret i Hordaland kan opplyse at Hardanger og Midthordland er den  regionen i fylket med lågast optimisme for andre år på rad. Den samla  forventningsindeksen for bedriftene i distriktet ligg heile ti prosent  lågare i år enn i fjor. Forventingsindeksen er differansen mellom forventa  auke og forventa nedgang.

SMB Odda er overraska over tala, og seier dei får heilt andre signal frå sine  medlemmer.

– Det er ingenting som tyder på lågare næringsaktivitet det neste året, seier  Arnfinn Førsund på vegne av styret i SMB Odda.

– Utviklinga held kanskje ikkje den farten vi skulle ynskje, men det finst  masse optimisme i regionen, seier leiar i Hardangerådet Leiv Vambheim.

Han meiner tala frå Næringsbarometeret ikkje nødvendigvis er i samsvar med det  som rører seg lokalt.

– Vi har ei innovativ og solid fruktnæring, seier Vambeim og viser til Dyrk  Smart-prosjektet.

Hardangerrådsleiaren vil også trekkje fram industrien i distriktet og trekkjer  fram økt aktivitet på Bjølvefossen, batteriferjer på Fjellstrand og Odda  Coating som døme på positiv verdiskaping.

– Reiselivet står også veldig sterkt, seier han.

 

Les meir her:

http://www.hardanger-folkeblad.no/hfnyheiter/article7392431.ece
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund