26 mister jobben på Bømlo

14.06.2013
26 tilsette ved Skipsservice på Wärtsilä sitt anlegg i Rubbestadneset i Bømlo kommune vil mista jobben. Oppseiingane vil koma i løpet av 14 dagar,
– Marinemarknaden held fram med å vera utfordrande både nasjonalt og internasjonalt.

Innan marknaden for skipsservice har me opplevd aukande konkurranse og redusert ordreinngang dei siste åra. Dette har, over tid, ført til ein permanent overkapasitet i Skipsservice, seier direktør Johan Backas til Bømlo-nytt.

På eit allmøte ddenne veka kom meldinga om at 26 tilsette, av 109, vil bli sagt opp på Skipsservice i Rubbestadneset.

– Avdelinga har hatt låg omsetnad dei siste fire åra, og me såg no ingen annan utveg enn å gå til dette steget, seier Backas. Han seier at dei har hatt tilsette permitterte, for om mogeleg å venta til marknaden har betra seg og unngå oppseiingar.

– Men ettersom dette ikkje har gått slik me vona, såg me dette som den beste løysinga både for dei tilsette sjølve og for bedrifta. Permittering er inga god løysing på lang sikt, seier han.

– Ved å gjera dette grepet no håpar og trur me at me vil kunna vera konkurransedyktige også i framtida.

Me vil streka under at kapasitetsjusteringane som no er gjort, er etter grundige vurderingar frå bedrifta si side om kvar skipsservicemarknaden vil stabilisera seg. Det er snakk om å tilpassa oss til marknaden, seier han.

– Det har vore ein lang prosess fram mot allmøtet i dag, og som har vore gjennomført i tett dialog med dei tillitsvalde.

Oppseiingane vil bli gjennomførte i løpet av dei neste to vekene.

Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund