60 årsverk må kuttast

21.06.2013
Dei tilsette ved Søral i Kvinnherad blei i går orienterte om at 60 årsverk skal vekk innan 1. oktober i år, skriv Kvinnheringen.
Dette vart gjort kjent for dei tilsette ved to almannamøte i bedrifta i går (torsdag), klokka 10.30 og 15.15.

Kutta betyr at ein sparar mellom 40 og 50 millionar kroner i året. Ettersom nokre av årsverka gjeld deltidstilsette, betyr det at i overkant av 60 tilsette må gå.

Kven, og i kva avdeling, er førebels usikkert. Det reknar adm. dir. Per Øyvind Sævartveit med blir avklara i løpet av neste veke.

- Det som er sikkert er at kutta rammar alle avdelingar og alle sjikt av organisasjonen, frå operatørar til leiarar, seier HKF-leiar Ørjan Normann. Ifølgje Sævartveit har arbeidsgjevaren ei liste over kven som må gå.

Dei det gjeld vil få tilbod om ein sluttpakke, etter ein mal som Hydro har brukt. Der er alder og ansiennitet viktige element.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund