AF Decom godtar boten

12.12.2011
AF Decom Offshore har bestemt seg for å vedta boten på 750.000 kroner som bedriften i Vats fikk etter å ha sluppet ut kvikksølv i fjorden.

Kommunikasjonsdirektør Wibecke Brusdal i AF Gruppen opplyser at selskapet tar førelegget svært alvorleg, og politiet sine vurderingar til etterretning,k skriver grannar.no

— Vi har gjennomgått rutinane våre generelt og i denne saka spesielt, opplyser ho.



Etter ombygging i 2009 har anlegget på Raunes fått eit tett dekke slik at avrenning går gjennom eit reinseanlegg. Selskapet opplyser at all lagring av behandla materiale i dag blir plassert på dette området.

Slik var det ikkje i det aktuelle tilfellet frå juni 2007 til april 2008 då selskapet lagra kvikksølvforureinande titanrøyr på utett dekke, pluss at røyra ikkje var tilstrekkeleg dekt til. Det førte til at kvikksølvhaldig avleiring rann ned i grunnen.



Slik avrenning hadde selskapet ikkje godkjenning for, og politiet vurderer det i skjerpande retning at forureininga var kvikksølv, eit stoff ein skal vere spesielt varsam med. Pluss at selskapet hadde hatt ei liknande forureining tidlegare.

Samla resulterte det i at Haugaland og Sunnhordland politidistrikt gav AF Decom Offshore AS eit bot på 750.000 kroner.

Det var representantar frå Norges Miljøvernforbund i Vats som melde saka til politiet.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund