Aibel-topp til møtet med Stavanger

28.03.2012
Aibel viser veg over Boknafjorden.Næringslivet i Haugesundsregionen ønskjer meir samarbeid over Boknafjorden. Aibel blir halde fram som fyrtårnet på tvers i oljefylket, skriver aftenbladet.no.


Torsdag drar ordførarar og næringslivsleiarar frå nordfylket til Stavanger for å fortelja nærings- og reiseliv i og rundt oljehovudstaden kva nordfylket har å tilby av nærings- og bustadareal og konferanse- og reiselivstilbod. Fremst i rekkja av foredragshaldarar under arrangementet på Hall Toll i Vågen er viseadministrerande direktør i Aibel, Erling Matland. Han kjem sjølv frå Karmøy og har i mange år hatt sitt daglege arbeid både i Haugesund og i Stavanger. Gjennom ei rekke år har Matland site i leiinga av oljeserviceselskapet Aibel. Selskapet passerar i desse dager 2000 tilsette i Haugesund kor Aibel sitt største verft ligg. Samtidig har Aibel ca 1000 tilsette, dei fleste ingeniørar på Forus.   Haugesund gjer seg lekker - Nye kommunikasjonsprosjekt vil binde nord og sør i Rogaland enda tettare saman, seier Egil Severeide, adm.dir. i Haugesundregionens Næringsforening. Han seier vidare om innhaldet i arrangementet i Stavanger torsdag. - Me ønskjer å fortelja våre venner på Nord-Jæren kor attraktiv Haugesundsregionen er for næringslivet, seier Severeide.  Severeide seier vidare at det er trongt om plassen på Nord Jæren. - Med Rogfast i sikte vil Haugesundregionen bli eit attraktivt ekspansjonsområde for bedrifter sør for Boknafjorden. I Haugesundsregionens Næringsforening tenkjer me langsiktig. Me er særs opptatt av kva me kan bidra med i arbeidet med å samle Rogaland til eit rike. Me har noko Stavanger-regionen treng, og Stavanger-regionen har noko me manglar. Saman kan me bli eit kanonsterkt fylke, seier Egil Severeide.     Les mer her: http://www.aftenbladet.no/energi/oljeservice/Aibel-viser-veg-over-Boknafjorden-2948886.html

 

 

 

 
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund