Båtflyktning bidro til Vietnam-etablering

04.01.2012
Karmøy-bedrifta Karmsund Maritime Offshore Supply har bygd ei mekanisk bedrift i ein industripark nord for Ho Chi Minh-byen i Vietnam. Ein båtflyktning har vore til stor hjelp.

– Me har i fleire år levert ymse produkt og finmaskinerte delar til oljeindustrien. 90 prosent av produkta våre går til eksport. Me har store kundar i Asia. Gjennom det nye selskapet i Vietnam kan me auka vår kapasitet og samtidig levera til våre norske kundar og til andre kundar som har etablert seg i dei store vekstmarknadane i Søraust-Asia, seier gründer og bedriftsleiar Ann Helen Hystad frå Karmøytil aftenbladet.no.



Kvalitetssikring
Karmsund Maritime Vietnam Co. Ltd. har reist nye bygg i ein næringspark. Omlag 20 personar har fått sitt daglege arbeid her. Ingen norske er permanent med i leiinga. Men i lengre periodar er nøkkelpersonar frå verksemda i Norge på plass i Vietnam for å gi opplæring i maskineringsfaget og for å sjå til at gode rutinar blir innført for kvalitetssikring og styring og sameleis for økonomistyring.

– Målet er ISO-sertifisering neste år. Me har dessutan vore så heldige å fått knyta til oss dyktige folk på staden folk, som kjenner det politiske og byråkratiske systemet frå innsida, seier Hystad.

Båtflyktning
Viktig inspirasjon til etableringa i Vietnam er Minh duc Pham, båtflyktning frå Vietnam på 1980-talet. Han kom til Norge og til Karmøy der han tok fagutdanning og blei tilsett i familien Hystad si verksemd Kopervik Slip.

Les meir her:
http://www.aftenbladet.no/energi/oljeservice/Eventyrleg-for-Karmoy-bedrift-i-Vietnam-2913365.html

Les også:
http://www.karmsundavis.no/nyhet.cfm?nyhetid=2896
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund