Bunnsolid, men ingen jubeltall

30.06.2011
Det er ingen jubeltal konsernsjef Karl Johan Lier i Hatteland Gruppen i Nedre Vats legg fram for 2010, men konsernet er framleis botnsolid og optimismen større enn på fleire år, skriv lokalavisa "Grannar".

- Eit resultat etter skatt på knappe 17 millionar av ein omsetning på over ein milliard, er lite å skryta av. Med sett i lys av ein endra marknad og store investeringar som me har gjort, er dette akseptabelt, seier Lier til Grannar.

Nedgang i omsetning og drift i minus har ikkje vore kvardagskost for konsernet til Jakob Hatteland opp gjennom åra. Hovudforklaringa er nok eit vrient år for Hattelco i Arendal som distribuerer datamaskinar, samt framleis store investeringar i automasjonskonseptet AutoStore.

- Marknaden for Hattelco har endra seg kraftig og gitt eit nytt handelsmønster. Store kundar som Expert og Elkjøp kjøper nå direkte hos forhandlar og ikkje hos oss, seier konsernsjefen. Han legg til at deira kundar utgjer i dag ein mindre del av marknaden, samtidig som marknaden generelt har vore svært svak det siste året.

Les meir her:
http://www.grannar.no/index.cfm?event=doLink&famId=186234
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund