"Eit bittert nederlag"

16.10.2008
"Det er fleire enn ordførar Harald Stakkestad som bør føle at timevis med arbeid no følast fånyttes," skriver redaktøren i Tysvær Bygdeblad. Han ser kampen om Nedstrand-ferja som en nord-sør konflikt i fylket.

Her kan du lese redaktørens betraktninger dagen derpå:


Eit bittert nederlag
Alf-Einar Kvalavåg, 16.10.08

Det blei slik ordførar og varaordførar frykta, ferja kjem snart berre innom Nedstrand midt på dagen. Rett nok skal ein kunne ringe og bestille ekstra avgangar, men det er eit tilbod vanlege trafikkerande neppe gjer seg mykje bruk av.

Nokon vil faktisk påstå at ferja blei redda, Senterpartiet gjer det. Men det ein eigentleg har gjort er å lage eit så dårleg tilbod i sambandet, at det blir heilt naturleg å legge ned Nedstrands avgangane når dette skal opp igjen om to år. Kva næringsliv er det som har bruk for ei ferje som kjem til lands rett før halv tolv? Etter å ha følgt saka i fleire veker er dette ei meining som fleire støttar.
Det er fleire enn ordførar Harald Stakkestad som bør føle at timevis med arbeid no følast fånyttes. Han fekk med seg varaordførar Sigmund Lier og heile formannskapet på eit utspel om at heile Tysværs politiske elite støtta dagens ordning. Han reiste òg til Stavanger og gjekk laus på si eiga gruppe i fylkestinget.
Kva sit han igjen med? Svarteper.
Han har smerteleg fått kjenne kor djup Boknafjorden er politisk. Han har smerteleg fått kjenne korleis det er å sjå at hans eige parti ikkje har stemt for det han meiner er rett, for heimkommunen. Slikt gjer politisk arbeid vanskeleg.
Varaordføraren er nøgd med at hans parti Arbeidarpartiet saman med SV gjorde eit forsøk på å behalde dagens ordning. At det berre blei deira stemmer er likevel fattig trøst for Lier, som kanskje aller tydligast har vore på banen og slåss for morgonavgangar frå Nedstrand. Men han kan no tross alt møte sine kollegaer i fylkestinget meg godt samvit.
Bygdebladet har følgt denne saka både frå rådhuset, Nedstrand og frå Finnøy. Me har heile vegen meint at dette har vore ein sak der innhaldet har vore langt meir enn berre det å redda nokon ferjeavgangar. Dette er eit så tydeleg spel mellom politikarar frå sør og nord. Det har så tydeleg vore ein arena for veteranane i fylkespolitikken, at ein kan hende skal trekke eit lettelsens sukk for at ikkje Nedstrand blei stroke frå heile ruteplanen umiddelbart. For dei verkelege taparane i denne saka er slik eg ser det, ikkje lokalpolitikarar som har stått på og kjempa for sine meiningar, men politikarane i fylkestinget med adresse på nordsida av fjorden. Kor var dei då Tysvær trengte dei? Kor var dei når framtida til eit alternativt samband i indre områder av fylket kunne reddast med ei hand i vêret?
Dei har rett i at det framleis kjem ferje til kaien i Nedstrand. Men dei som påstår at Tysvær har vunne i denne kampen, ja dei har ikkje vore med på mange kampar.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund