Eksperiment på dypt vann

29.11.2011
På ei lita øy i Haugesund blir det utvikla verktøy som kan setja oljeindustrien i stand til å flytta fabrikkar frå overflata til havbotn.

Om eitt års tid vil Statoil setja verdsrekord Åsgard på 300 meters djup, skriver aftenbladet.no.

Eit greinrøyr skal koplast til hovudrøyret medan det strøymer gass under høgt trykk inne i hovudrøyret. Ved hjelp av spesialutvikla verktøy skal det på havbotn sveisast ein røyrstuss på hovudrøyret.

Sveisinga blir styrt frå eit kontrollrom med videoskjermar i eit fartøy på havoverflata. Etter at røyrstussen er sveisa fast der nede i djupet blir det bora hol gjennom røyrstussen og inn i gasstraumen i hovudrøyret.

Straks boret når gjennom røyrveggen og inn til gasstraumen vil ein ventil lukka boreholet for å hindra gasslekkasje.

Ei slik boring og fjernstyrt tilkobling på havbotn til eit røyr som ikkje i utgangspunktet er førebudd for slikt har aldri vore gjort før.

Verktøy, utstyr og metodar er utvikla ved Statoil si teknologiavdeling på Killingøy i Haugesund.

Det er Åsgard-røyret som først skal få ei ny tilkopling etter denne nye verdsleiande metoden. Ei anna nyvinning skal få hjelp av den nye teknologien frå Haugesund.

Les mer her:
http://www.aftenbladet.no/energi/olje/Nr-fabrikk-p-havbotn-2899105.html
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund