Etne og Vindafjord til Ryfylke?

30.06.2011
En storkommune med Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord. Det er hva Arbeiderpartiets ordførerkandidat i Sauda mener er det beste alternativet for kommunesammenslåing i Ryfylke.

I lokavisa Ryfylke sier Frode Sulen at Sauda Arbeiderparti "fortsatt ikkje har tatt stilling til om dei ønsker kommunesamanslåing. Men viss det skulle bli aktuelt har dei heilt klart kven dei ønsker å fusjonere med", skriver lokalavisa.

"– Vi har hatt grundige interne diskusjonar. Vi har ikkje tatt noko standpunkt til om vi føretrekker å slå oss saman med andre kommunar i framtida. Det vi imidlertid har komme fram til er kva kommunar vi meiner vi vil fungere best saman med. Då ser vi for oss ein storkommune med Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord, seier arbeidarpartipolitikar Frode Sulen.

Ryfylke IKS og Telemarksforskning har tidlegare lansert to modellar for ei framtidig kommunesamanslåing i Ryfylke. I tillegg til modellen som Sauda Arbeiderparti har landa på er det også blitt skissert ei løysing der dei nemnde fire kommunane blir slått saman med Forsand, Strand og Hjelmeland. Årsaka til at Sauda, ifølge Sauda Arbeiderparti, er best tent med å halde seg til Suldal, Etne og Vindafjord meiner Frode Sulen er enkel.

– Vi er mykje nærmare. Dette heng også mykje saman med Etnevegen og Sandsfjord bru. Når desse to prosjekta er realisert vil det gjere kommunikasjonen for oss som bur inst i Ryfylke mykje lettare. Dei som bur i Strand, Forsand og Hjelmeland kommunar vil likevel søke mot Stavanger, trur han.

Sjølv om andre har uttrykt si meining om kor vidt Sauda bør inngå partnerskap med andre kommunar, understrekar ordførarkandidaten at lokallaget han representerer ikkje har gjort seg opp ei meining så langt. Han er likevel overbevist om at det vil komme eit krav til ein stramare kommuneøkonomi, noko som vil resultere i ei tvungen kommunesamanslåing, skriver lokalavisa Ryfylke.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund