Flere er tilbake i jobb

06.08.2020
Ved utgangen av juli var 20 342 personar registrert som arbeidssøkarar i Rogaland. Det er 8,0 prosent av arbeidsstyrken, og er 3 136 færre enn i juni.
Tallet på arbeidssøkere i Rogaland falt med 3000 den siste måneden
– Over 3 000 personer som var delvis utan arbeid i Rogaland, har kome tilbake i full jobb den siste månaden, seier fungerande NAV-direktør i Rogaland, Egil Tengs.

Nedgangen i det totale talet arbeidsøkarar kjem hovudsakleg av at det er 3 232 færre delvis utan arbeid i fylket ved utgangen av juli. 7 331 personer står registrert som delvis utan arbeid i Rogaland. Det er ein del på 2,9 prosent og likt med landsgjennomsnittet.

– Det er svært gledeleg at vi ser ein så markant nedgang blant personar delvis utan arbeid. Mange av dei vart permitterte da koronaviruset ramma arbeidsmarknaden i Noreg. Etter kvart har dei kome delvis tilbake i jobb, og no er mange òg fullt tilbake på arbeidsplassen sin. Innanfor alle aldersgrupper er nedgangen på cirka 30 prosent, seier Egil Tengs.

– Nedgangen er størst innanfor reiseliv og transport og butikk og sal, seier Tengs.

12 467 personer er heilt utan arbeid i juli. Dette er 249 fleire samanlikna med juni månad. Delen heilt ledige er på 4,9 prosent, noko som er det same som landsgjennomsnittet. Bruttoledigheten i Rogaland, som inkluderer dei heilt utan arbeid og arbeidssøkarar på tiltak, er på 5,1 prosent.

– Tradisjonelt sett pleier delen heilt ledige å stiga endå meir på denne tida av året. Det kjem av sesongvariasjonar i arbeidsmarknaden, seier Egil Tengs.

Nedgang blant dei unge


Per juli er 4 888 personar mellom 16 år og 29 år heilt eller delvis utan arbeid. Det er ein nedgang på drøyt 800 samanlikna med juni.

– Det er positivt at nedgangen innanfor denne aldersgruppa held fram også i juli månad. Denne gruppa har hatt den største delen arbeidsløyse gjennom heile koronaperioden, seier Tengs.

Sola har høgast arbeidsløyse


 Sola kommune har høgast del heilt utan arbeid med 5,8 prosent, medan i Stavanger er arbeidsløysa 5,6 prosent. Sandnes har ein del på 5,5 prosent heilt utan arbeid og i Eigersund er delen 5,3 prosent.

I Haugesund er delen 5 prosent. Lågast  er Kvitsøy, Suldal og Sauda med høvesvis 1,8 prosent, 1,9 prosent og 2,0 prosent. Alle kommunane i Rogaland har nedgang i antallet delvis utan arbeid.

 

 
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund