Fullt kjør på havbotn

08.03.2013
 I løpet av fire år skal nær 150 milliardar kroner investerast på norsk havbotn. Kystdesign i Haugesund reknar med rekordår og over 100 millionar i omsetning.
Medan milliardoppdraga innan plattformbygging sklir forbi norske verft, kokar det i subsea-industrien her heime.

Berre i sist veke blei det tinga tre nye spesialskip for oppgåver under vatn. Desse tre skipa aleine vil kosta ca 2,5 milliardar kroner. Reiarlaga Solstad, DOF og Farstad står bak desse ordrane. Alle skipa skal byggjast i Norge, skriv Stavanger Aftenblad
Dei særs kostbare skipa skal nyttast som overflatefartøy under installasjon, inspeksjon, vedlikehald og reparasjon av olje- og gassinstallasjonar på havbotn. I tillegg til sjølve verfta er det underleverandørar, produsentar av avansert og oftast norsk utstyr, som profitterar på denne nybygginga.

Det vesle selskapet Kystdesign i Haugesund produserer til dømes fjernstyrte arbeidsrobotar (ROV) som blir manøvrerte frå kontrollrommet til overflateskipet medan dei utfører arbeid nede på havbotn. Kystdesign har nå bestilling på seks fjernstyrte undervassrobotar som alle skal leverast før sommarferien. - Det ligg an til å bli eit rekordår i vår bedrift, seier daglege leiar Erilk Kold Bakkevig i Kystdesign, som kan nå rekordhøge 100 millionar kroner i omsetnad. Selskapet har 16 tilsette.

Ein av nykommarane i subseabransjen, Reach Subsea i Haugesund, signerte nyleg ein diger kontrakt i høve til eigen storleik. Selskapet med 20 tilsette skal leiga eit nytt skip frå Solstad Offshore i minst fem år. Verdien på avtalen er 650 millionar kroner. - Aktiviteten i subsea-marknaden vil vera stor i år og enda større neste år, seier sjefen i Reach Subsea, Kåre Johannes Lie. - Skal me kunne sikra oss kontraktar, må me ha eit skip å tilby.

Me snakkar for tida med fleire ulike oppdragsgivarar om framtidig oppgåver både innan inspeksjon og vedlikehald.

Les meir her: http://www.aftenbladet.no/energi/Norge-kokar-under-vatn-3135217.html
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund