Gasseksporten "knuser" oljen

18.04.2012
I mars måned eksporterte Norge nær dobbelt så mye gass som olje målt i energimengde. Men i kroner og øre er fremdeles oljeeksporten mest verdifull.




Den norske eksporten av gassprodukt i mars tilsvarar ei energimengde på 129 Twh, går det fram av månadsrapporten til magasinet G21, skriver aftenbladet.no.

Energimengda av gasseksport for ein månad er like stor som den norske vasskraftproduksjonen for eit heilt år. Samtidig eksporterte Norge i mars oljeprodukt tilsvarande ei samla energimengd på 68,5 Twh.

Men ser ein på samla eksportverdi av råolje og lettolje (kondensat) er oljeeksporten framleis mest verdifull og kom i mars opp i 31,3 milliardar kroner. For våtgass og naturgass blei samla norsk eksportverdi i mars 27 milliardar kroner, går det fram av G21 sin månadsstatistikk.

Ser ein på eksporten av flytande gass som propan, der Kårstø er blant dei største utskipingshamner i verda gjekk i mars mars det største volumet til Belgia med fjerntliggjande Japan på andreplassen.

For våtgassen butan, som også blir skipa ut frå Kårstø, var Frankrike og Marokko dei to største kjøparlanda i mars, går det fram av månadsstatistikken som magasinet G21 har laga.  
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund