Gjennombrudd for næringsparken

09.12.2011
- Et gjennombrudd for Haugaland Næringspark, sier adm.dir. Gunnar Stakkestad. Selskapet Asco skal leie et stort areal på Gismarvik til mellomlagring av store oljerør.

Det er trangt om plassen i Risavika hamn i Sola. Asco har fått jobben med å forsyna Gudrun-
utbygginga med nye gass- og oljerøyr og opnar ny base i Gismarvik i Tysvær.
– Dette er eit gjennombrot og den første store aktiviteten i Haugaland Næringspark her på Gismarvik i Tysvær, seier administerande direktør for næringsparken, Gunnar Stakkestad til aftenbladet.no.

– Me hadde ikkje sjanse til å finna rom for mellomlagring av 34.000 tonn olje og gassrøyr på vårt baseareal i Risavika havn, seier Runar Hatletvedt, administrerande direktør for alle Asco sine oljeforsyningsbasar i Norge og Nord-Europa. Hatletvedt seier vidare at den nye djupvasskaien med tilhøyrande næringsareal i Gismarvik i Tysvær er særs veleigna som røyrbase for Gudrun.

Røyr til Gudrun
Til den nye djupvasskaien, som vender mot Førresfjorden, skal det til vinteren koma digre røyrfartøy frå Leith i Storbritannia med ferdig coata røyrlengder. Desse røyrlengdene, som er 12,2 meter lange og veg mellom tre og fire tonn kvar, skal takast i land ved Gismarvik-basen og mellomlagrast før dei våren og sommaren 2012 blir skipa ut med store forsyningsbåtar til Gudrun-feltet i Nordsjøen.

Skipsavgangar kvar dag
- Me kalkulerar med mellom fem og sju skipsavgangar med røyr kvar veke, seier Runar Hatletvedt.

Ute på havet skal røyrleggingsfartøy først sveisa saman røyrlengder og deretter leggja dei ned på havbotn mellom den nye Gudrun-plattforma og Sleipner-feltet. Det nye røyret skal kunne transportera både gass og olje.

Det nye digre næringsarealet på Gismarvik-halvøya som ligg få kilometer vest for Kårstø, er nå under utbygging. Ny djupvasskai står klar i 110 meters lengde. På aust- og nordsida av kaien blir det planert ut store lagrings- og næringsareal.

–  I første omgang er her klargjort 40 dekar ved kaien, seier Stakkestad.

Men han legg til at kaiområdet kan utviklast med 900 meter kaifront og 160 dekar næringsareal innafor.

Asco-direktør Runar Hatletvedt seier at selskapet han leier tok første gong kontakt med Haugaland Næringspark for to år sidan. Denne veka blei det skrive under ein leigeavtale.

Les mer her:
http://www.aftenbladet.no/energi/oljeservice/Gjennombrot-for-ny-base-i-Tysvr-2903759.html
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund