Gründerpakke skaper vekst

08.12.2015
Filter design & kommunikasjon har utvikla ein gründerpakke som styrker kommunikasjons- og designarbeidet til nye bedrifter
 

Ei av bedriftene som har jobba med Filter i etableringsfasen er den unike gåvebutikken Prikkar i Etne.

– Det er viktig for gründerar at dei får eit godt grunnlag for å kunne marknadsføra seg og kan dra nytte av den kompetansen Filter sit med både innan design og kommunikasjon, seier Astrid Eidhammer Hjelmeland, byråleiar i Filter i ei pressemelding.

Gåvebutikken Prikkar har fått litt ekstra merksemd, både i media, sosiale medium og blant publikum. Yvonne Sandgren som startar opp butikken vil nemleg ikkje berre etablere gåvebutikk, ho vil også blåse nytt liv i gatene i Etne og meiner sentrumsutviklinga i kommunen er vikig.

– For oss i Filter var det i tillegg til å skapa ein leiken og fargerik kampanje for Prikkar og viktig å få bidra med eit godt kommunikasjonsarbeid i den travle tida både før og ved oppstart. Dette arbeidet resulterte i gode omtalar både lokalt og regionalt for den spennande butikken, seier Astrid.

Foto av Yvonne Sandgren/Prikkar (Foto: Filter design & kommunikasjon)

Foto av Astrid Eidhammer Hjelmeland (Foto: Meister Fotografi)

Om Filter
Filter design & kommunikasjon brenn for godt design og tydeleg kommunikasjon. Det har me gjort heilt sidan starten i 1997. I 2014 endra bedrifta namn og profil til Filter design & kommunikasjon, dermed vart det tydelegare for både oss sjølve og kundane våre kva tenester og produkt me kunne tilby. Våren 2015 kjøpte Omega AS opp design- og kommunikasjonsbyåret som gjer at Filter i dag har ni tilsette og ein styrka kompetanse innan design, kommunikasjon, web og tekstarbeid.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund