Hatteland kjøper opp på Jæren

01.12.2008
Hatteland Gruppen i Nedre Vats går sterkt inn på eigarsida i Haaland Group på Vigrestad. — Ei bedrift me kjenner godt frå før og har store forventingar til, seier konsernsjef Karl Johan Lier til lokalavisa "Grannar".

Jakob Hatteland Logistics AS har kjøpt 40 prosent av Haaland; eit konsern som er eit av landets største og mest moderne innan tynnplate-bearbeiding. Det er HitecVision som nå sel sin post i Vigrestad-selskapet til investoren i Vats.

— Me ynskjer å ha eit tett samarbeid med Haaland om produksjon og montasje, og med Haaland sine utvida og moderne produksjonslokale vil me i fellesskap stå sterkare til betena ein større marknad, seier konsernsjef Karl Johan Lier i Hatteland Gruppen til Grannar.

Potensial

Haaland Group med eit breitt spekter av kundar, har dei siste åra hatt stor suksess. Berre dei to siste åra har selskapet auka omsetninga med 50 prosent. Driftsinntektene i år er venta å bli på 150 millionar kroner.

— Bedrifta har nyleg tatt i bruk ein svært moderne og avansert fabrikk på 10.000 kvadratmeter, og er i stand til å produsera for ein halv milliard utan å auka talet på tilsette noko særleg utover dagens rundt hundre personar, opplyser Lier, som torsdag i føre veka signerte kjøpsavtalen.

Verken kjøparen i Vats eller seljar vil kommentera prisen for eigarposten på 40 prosent.

Robotar

Haaland har dei siste åra vore eigd av Inge Brigt Aarbakke og HitecVision – frem til i mai i år som del av Aarbakke-gruppa, deretter som frittståande selskap. Konsernet har hatt ei gradvis endring i kundegruppa, som i dag er dominert av selskap innan elektronikkbransjen og tradisjonell landbasert industri, og i mindre grad enn før frå oljesektoren.

Hatteland-gruppa I Nedre Vats kjenner Haaland Group godt frå før, både som leverandør til Hatteland Display (seld ut av konsernet i fjor) og som direkte kunde.

— Me har inngått avtale med Haaland om produksjon av robotar til AutoStore, som er vårt store vekstområde. For oss er deira kompetanse viktig, samt ei vidareutvikling av mekanikk. Ved dette kjøpet får me ein strategisk samarbeidspartnar på utviklinga av robotar, og produksjonskapasitet, seier Lier som også ser på oppkjøpet som ei god finansiell investering.

Kompetanse

Også leiinga ved Vigrestad-bedrifta er tilfreds med den nye partnaren frå Vindafjord.

— Hatteland-konsernet vil tilføra oss industriell kompetanse innan elektronikk og automasjon, og styrka vårt grunnlag for langsiktige oppdrag. Tidspunktet er ideelt sett i samanheng med den auka produksjonskapasiteten som me nå får gjennom det nye anlegget på Vigrestad, uttaler daglig leiar Ragnar Sandve.

Bimi held fram som eigar i Haaland, med 40 prosent av aksjane. Styreleiar Inge Brigt Aarbakke er glad for å ha fått inn ein industriell partner som har den rette marknadskompetansen og eigne produkt som bidrar til ein enda meir spennande framtid.

— Det er nemlig viktig at me nå får ein større marknadsdel og utstyr til å handtera meir komplette løysingar som inneber både tynnplate og elektronikk, seier Aarbakke.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund