Inntekstshopp for bøndene

22.11.2011
Skattbar næringsinntekt for bøndene på Haugalandet gjekk i 2010 opp med om lag 46.000 kroner etter renter og avskriving, syner gjennomsnittstal frå Tveit Regnskap AS.

Tala er henta frå gardsrekneskapa på i alt 228 bruk i Nord-Rogaland og Sunnhordland. Tveit Regnskap er Norges største rekneskapskontor i landbruket, og fører rekneskapen for bortimot 1600 gardsbruk i regionen. I løpet av ein 25-årsperiode har Tveit Regnskap fylgt utviklinga på om lag 300 av desse bruka.

Dette er familiebruk som har hatt, og framleis har, hovudinntekta si frå jordbruket - og omfanget ligg mellom 1,5 og 2 årsverk.

Det spesielle med dette talmaterialet er at det er brukt faktiske tal frå rekneskapen, og at det er dei same bruka som er nytta som grunnlag i heile perioden.

Etter ein dupp i inntekta i 2009, er ein i 2010 tilbake på om lag same nivå som i 2008.

Tre faktorar
Som tidlegare år er det i hovudsak tre faktorar som påverkar korleis inntekta utviklar seg: produktpris, volum og kostnad.

- Spesielt pris og volum har utvikla seg i positivt lei i 2010 - og kostnadsveksten var meir moderat enn året før, seier landbruksøkonom ved Tveit Regnskap AS og bonde i Vindafjord, Andreas Lundegård.

Les mer her:
http://www.bondebladet.no/gaardsdrift/2011/11/21/auka-inntekter-paa-haugalandet.aspx
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund