Kårstø skvises av amerikansk skifergass

13.12.2012
Billig skifergass fra USA kan gjøre det vanskelig å få solgt viktige gassprodukter fra Kårstø, skriver Stavanger Aftenblad.
Ein revolusjon er sett i gong i den internasjonale gassmarknaden. Billeg skifergass frå USA kan bli importert til Norge til erstatning for gass produsert på Kårstø.

Dei petrokjemiske fabrikkane i Grenland i Telemark, som er kontrollert av det britiske konsernet Ineos, har underteikna ein 15 års kontrakt om kjøp av etan, utvunnen frå skifergass i Marcellus-feltet i Pennsylvania i USA.

- Denne gassen blir billegare enn gassen som me i dag kjøper frå Statoil og Kårstø, seier Ineos-direktør Magnar Bakke til Petromagasinet.

Råstoff til plastindustrien
Heilt sidan gass frå ulike felt på Haltenbanken i Norskehavet tok til å strøyma gjennom Åsgard-røyret til Kårstø i 2000, har etan vore skilt ut som eit særskilt produkt ved gassprosesseringsanlegget på Kårstø.

I fjor blei det skipa ut 861 000 tonn etan frå Kårstø. Det aller meste går til petrokjemianlegga i Bamble og noko til Stenungsund i Sverige. Etan er eit veleigna råstoff til produksjon av etylen, som igjen er råstoff til plastindustrien.

Clipper Harald i fast rute
Minst to gasstankarar hentar etan på Kårstø. Det er nederlandske "Coral Parensis" og "Clipper Harald" som tilhøyrer gasstankreiarlaget Solvang i Stavanger. "Clipper Harald" har dei siste tolv åra hatt kontrakt på frakt av etan frå Kårstø og går nærmast i fast rute mellom Kårstø og Grenland med etan.

- Me har kontrakt med Statoil om slik frakt i eit par år til og med høve til å forlengja kontrakttida, seier adm. dir i Solvang-reiarlaget, Edvin Endresen.

Han legg til at det kan vera vanskeleg og spå om framtida.

- Skifergassrevolusjonen ein nå ser utvikla seg i USA, kan samtidig opna opp for nye marknadar og nye fraktmulegheiter for våre skip rundt i verda, seier Endresen.

Langt billegare produksjon
Meklarfirmaet Inge Steensland føl nøye med på utviklinga i gassmarknaden. Skipsmeklar Jørgen Tvedt seier at det er svært stor skilnad på kostnadene med utvinning av etan frå skifergass samanlikna med produksjon av etan frå eit gassprosesseringsanlegg som på Kårstø.

- Men så vidt me kan sjå vil importen av amerikansk produsert etan til petrokjemindustrien til Ineos i Grenland i første omgang koma i tillegg til dagens volum, som blir henta på Kårstø, seier Tvedt.

Les mer her:

http://www.aftenbladet.no/nyheter/okonomi/Karsto-kan-bli-slatt-av-skifergass-3087365.html
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund