Kraftlag gir tilbake til lokalmiljøet

12.11.2020
Sjøkanten Trivsel i Skånevik får 100.000 til eit utviklingsprosjekt: Her er fra venstre: Styreleiar Heidi Wannberg, i midten styremedlem Kjetil Nedreskår og til høgre styremedlem Lars Rune Langhelle. Foto: Janne Larsen
Skånevik Ølen Kraftlag strør om seg med pengar til gode formål. Sjekk kven som fekk..
Levande bygder og gode oppvekstmiljø i SØK-området er viktig for eigarane i SØK, og derfor deler
me i desse dagar ut 2,7 millionar kroner til lokale utviklingstiltak og allmennyttige formål i Ølen,
Ølensvåg, Vikebygd, Bjoa, Skånevik og Åkrafjorden, seier styreleiar Gunnar Dalen i SØK (Skånevik Ølen Kraftlag) i ei pressemelding.

- Haugaland Kraft hadde eit godt år i 2019 og SØK fekk eit utbytte på heile 9,3 millionar, fortel
styreleiaren. Dette gir oss høve til å støtta mange gode formål i SØK-bygdene. Sidan me er inne i eit
spesielt og krevjande år for mange, har me i år delt ut 250 000 kr som ein ekstra stimulans, seier
han.

Pengar til lokale tiltak
Midlane som snart er på veg, blir fordelte på 51 ulike organisasjonar og tiltak, og spenner frå 1750,-
kroner til 1 million som største bidrag. Det har aldri vore så mange søknadar som i år.
Til føremålet bygde- og næringsutvikling blir det delt ut 1 million kr i alt, og av desse vil Skånevik
Bygdeutviklingslag få 270 000 og grendeutvala i Ølen og Ølensvåg får 135 000 kvar.

Av den ekstraordinære støtta i 2020 får Sjøkanten Trivsel i Skånevik 100 000 kr til utviklingsprosjektet sitt.
Støtta til anlegg og forsamlingshus er på 435 000 i alt, der Skånevik kultur- og idrettshall og Ølen
kulturhus får dei største enkelttilskota på 60 000 kvar. I tillegg vil Ølen Kulturhus få eit ekstra tilskot
på 100 000 kr, og Skånevik Idrettshall eit ekstra tilskot på 25 000.

Støtte til Barne- og ungdomsarbeid er viktig for SØK, og av denne potten får til dømes Skånevik
Idrettslag 25 000,- kroner og Ølen Idrettslag 65 750. Kulturarv og sogelagsarbeid har fem tildelingar:
Største tildeling går til Ølen og Bjoa Sogelag som får 20 000.

Toppfinansiering gir fiber
Ein million kr går til to fiberprosjektet i SØK-området: Ny fiber frå Leite – Skoga / Tendal i Skånevik
og Ny node på Innbjoa. Støtta frå SØK gjer det aktuelt for Haugaland Kraft Fiber å byggja ut fiber og
utvida breibandstilbodet i dei to områda, forklarer Dalen. Prosjekta vil bli gjennomført i 2021.

– Begge prosjekta er heilt avhengige av at me er med og sikrar toppfinansiering på denne måten.

Rekordstort utbytte til aksjonærane

Dei gode resultata i Haugaland Kraft gir også grunnlag for utbytte til eigarane av SØK-aksjar, og i
2020 vedtok generalforsamlinga eit utbyte på vel 2,2 millionar.
– SØK har lova at alle som er aksjonærar i SØK skal få eit utbytte som minimum dekker formueskatt
og utbytteskatt på aksjane i SØK, seier Gunnar Dalen. Etter at Skatteetaten i haust auka
skattegrunnlaget for SØK-aksjane for 2019-likninga, betyr det litt auka skatt på SØK-aksjane. SØK vil
kompensera for dette ved dimensjonering av aksjeutbytet i 2021.

Me ønskjer også i å invitera alle tilskotsmottakarane til ei tildelingsmarkering: Éi i Skånevik og éi i
Ølen. Situasjonen for smittevern vil avgjera kva tid det blir, truleg utpå vinteren ein gong, heiter det i pressemeldinga.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund