Laksegigant blir enda større

20.08.2020
Bremnes Seashore kjøper seg stort produksjonsområde i Ryfylke
Bremnes Seashore blei i 2010 kåra til Årets bedrift av Haugesundregionens Næringsforeningen. Laksegiganten på Bømlo blir endå større, opplyser verksemda i ei pressemelding.

Bremnes Seashore har kjøpt eit produksjonsområde i Ryfylke som gir ei kraftig auke i den samla produksjonskapasiteten.


Produksjonsområde 2 – Ryfylke – fekk tidlegare i år grønt lys i det såkalla trafikklyssystemet, og Fiskeridirektoratet auksjonerte tysdag ut auken i biomasse for dei grøne produksjonsområda.

– Me kjøpte 527 tonn for 100 mill. kroner. Frå før har me kjøpt 64 tonn auka produksjonskapasitet, noko som gjer at me samla kan auke produksjonen med 1 000 tonn i året, opplyser samfunnskontakt Andreas Moe Larsen i Bremnes Seashore.

Viktig bidrag


Administrerande direktør Einar Eide seier kjøpet er strategisk viktig for Bremnes Seashore.

– Veksten er eit viktig bidrag til den langsiktige verdiskapinga vår. Me er også glade for at me med dette kan bidra til havbruksfondet. No kan me produsera meir av dei populære SALMA- og Bömlo-produkta våre, seier adm. dir. Einar Eide.

Bremnes Seashore har frå før ein samla produksjon på om lag 30.000 tonn laks.

– Alle monner drar, seier Eide.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund