Med i klimasatsing

02.10.2019
Knutsen-rederiet er blant fem rederier som er med i klimasatsing  på Vestlandet.

Tolv milliardar tonn gods vart i 2018 frakta over verdshava av 60.000 skip. Noreg er stor  i denne næringa. Ei næring som står for rundt 2,5 prosent av klimagassutsleppa i verda, og som også må bidra for å redusera den globale oppvarminga.


Store dragar, ammoniakk eller brenselceller kan vera løysinga. No er arbeidet med ein overgang frå olje i tankane i gang på Vestlandet. Ein idedugnad skal gje næringa nye og berekraftige løysingar, skriv sysla.no


– Vi har gjort dette før. Vi må byrja med å kartlegga dei viktigaste barrierane for ein miljøvenleg overgang. Vi må til dømes finna ut om hindringane for eit kilmavenleg skifte er teknologien, om det er kontraktmessige skrankar eller andre forhold som står i vegen, seier Hege Økland, direktør i næringsklyngja NCE Maritime Clean Tech.


Saman med Siv Remøy-Vangen, leiar i Maritime Bergen, har ho lagt ein plan for korleis arbeidet for meir klimavenleg skipsfart skal få fart.


Fem reiarlag som opererer i ulike segment skal sitja i ei styringsgruppe for prosjektet. Odfjell og Utkilen i Bergen og Knutsen O.A.S i Haugesund er blant desse.


– Vi har fått med to til, som vi enno ikkje kan offentleggjera, seier Remøy-Vangen.


Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

Haubo
SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Tveit
Hatteland