Ny riggkontrakt på plass

07.06.2012
Westcon Yard AS har fått kontrakten med oppgradering av oljeriggen Deepsea Bergen, skriv Grannar.
Verftet i Ølensvåg har fått oppdraget av Odfjell Drilling, og riggsjef Malvin Eide i Westcon Yard opplyser at riggen er venta inn i september. Ifølgje Offshore.no er kontrakten på 20 millionar kroner, men Eide seier det er ein del av arbeidet det blir rekna på.

— Verdien av kontrakten veit vi ikkje enno, seier riggsjefen.

 Deepsea Bergen har vore hos Westcon fleire gonger, sist i 2009. I følgje informasjonsdirektør Gisle Johanson i Odfjell Drilling, har Westcon fått oppdraget i konkurranse med dei viktigaste verfta i Noreg. Dei har lagt vekt på pris, tryggleik og risikovurdering av om arbeidet blir utført innan tidsramma.

Riggen skal oppgraderast før den skal utføre arbeid for Statoil på Skuldfeltet på Haltenbanken der riggen er i dag. Westcon er eigar i  Helgeland Maritime AS på Nesna der arbeidet kunne blitt utført. Men oppdragsgjevarane valde å ta riggen lenger sør til Ølensvåg der dei er godt kjende med verftet.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund