Øker kapasiteten ved Stord Lufthavn

12.06.2009
Etter ferien vert eit 46 seters fly sett inn i ruta Stord - Oslo. Dermed går kapasiteten opp med 50 prosent.Snittbelegget på flyruta Stord - Oslo har vist ein stigande trend og har no i en tid vore på 65-70%, skriv Stord Lufthamn i ei pressemelding.

Måndag morgon og torsdag ettermiddag har dei måtta avvisa passasjerar grunna for liten setekapasitet.
Stordfly har difor inngått intensjonsavtale med Danish Air Transport A/S (DAT) som vil setja inn ein ATR42 med 46 seter i samme ruteopplegg som i dag. I forhold til dagens opplegg utgjer dette ein kapasitetsauke på 50%.

DAT har i flere år operert ruta Florø – Bergen og Florø - Oslo og har nyleg inngått ny 3-årig kontrakt med Samferdsledepartementet om dei same rutene. DAT er et danskregistrert flyselskap, grunnlagt i 1989 og opererer i dag til saman 14 fly innan ruteflyging, charter og frakt i Noreg, Danmark og Europa for øvrig.

Lufthamna opplyser at passasjerar som allereie har tinga og betalt bilettar etter ferien, vil bli håndert. Når endeleg kontrakt er signert vil ein også koma attende med detaljar og framtidig bookingopplegg.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund