Ølensvåg- noe for seg sjøl..

25.02.2013


Bygda Ølensvåg har knapt 1000 innbyggarar. Dei har bedrifter som i lange periodar gir arbeid til meir enn 3000 personar. Les Stavanger Aftenblads reportasje om industribygda i Vindafjord
 
Seks av dei største bedriftene i tidlegare Ølen kommune omsette i 2011 for meir enn åtte milliardar kroner. Industri er den klart største næringsgreina i dagens Vindafjord kommune, som Ølen har vore ein del av sidan 2006.

Mange gler seg over dei oppsiktsvekkande gode tidene i Ølen, og i særleg grad i Ølensvåg. Rådmann Kristian Birkeland i Vindafjord kan fortelja om driftsoverskot dei fire siste åra og samtidig klar vekst i folketalet (nå 8600).

– Veksten skuldast arbeidsinnvandring. Fleire av innvandrarane som får jobb i den lokale industrien, slår seg ned her i bygda, seier Birkeland.

Kommunen har sett seg råd til å auka investeringstakten monaleg dei siste åra med kraftig opprusting av skular og nå planar om nytt bibliotek og nybygg for tenester innan familievern.

Les meir her:

http://www.aftenbladet.no/energi/Olensbygda-er-noko-for-seg-sjolv-3128118.html
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund