Oljeboom trigger leverandørindustrien

30.05.2012
Den 14. Stord-konferansen nærmer seg. Torsdag 7. juni inviterer Stord-miljøet til industrikonferanse med fokus på nye funn og deres betydning for leverandørindustrien.
Norsk sokkel står fram som ”Sereptas krukke” etter nye gigantfunn i Nordsjøen, og Statoils konsernsjef snakkar om ein ny oljeprovins i Barentshavet. Me opplever NY giv og optimisme, som me knapt har sett maken til på 15 år. Kva rammevilkår krev ein bransje i slik rivande utvikling?

Når me no skal hausta lenge, i både nye og gamle oljeprovinsar; Har Norge ein petroleumsstrategi som tek i vare både kortsiktige og langsiktige behov for næringa?

På Stordkonferansen får me svar frå Oljedirektoratet og Finansnæringa. Oljeselskapa ConocoPhillips og Statoil vil ut frå sine perspektiv beskriva norsk sokkel og mulige nye eventyr. Me reknar med at både Brage Sandstad og leiinga i Statoil vil vera motiverande å høyra på, ikkje minst for leverandørindustrien, heiter det i invitasjonen.

Og frå leverandørindustrien kjem Konsernsjef i Kværner, Jan Arve Haugan, og syner moglegheitene og utfordringane som ligg framfor oss dei neste åra.

Den siste bolken på Stordkonferansen tar for seg verdien av regional kompetanse og utvikling.

- Me stiller spørsmålet om denne utviklinga kjem det av seg sjølv, og me utfordrar rektor Liv Reidun Grimstvedt på kva rolle HSH vil spela for å løyse bransjen sine kompetansebehov i regionen.

To av "våre eigne" regionale verksemder, Styrk Bekkenes frå Noreq og Are Pedersen i FOM kjem for å fortelja sine suksesshistoriar.

Direktør i Wärtsilä skipsdesign, Ove Wilhelmsen vert ordstyrar for Stordkonferansen 7. juni, og så kjem verdas største stuntpoet Arne Torget - full av energi og NY giv !    

Påmelding og program:

http://www.stordkonferansen.no/
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund