Omega utvider markedet

19.10.2011
Dei neste to åra skal ei av våre største medlemsbedrifter, Omega i Ølensvåg, levera konsulentar til Sjøfartsdirektoratet. Det gir selskapet eit nytt bein å stå på.

Rammeavtala, som vart underteikna for ei knapp veka sidan, har ei varigheit på to år med to opsjonar på eit år kvar. Konsultentane frå Omega skal bistå avdelingane for fartøy og sjøfolk i Haugesund, innanfor fagområda marin ingeniør, struktur og skrog, kjem det fram av ei pressemelding frå den lokale hjørnesteinsbedrifta, skriv lokalavisa "Grannar".

I august vart Omega også tildelt ein rammeavtale med Jernbaneverket om å levere tenester innanfor prosjektstyring og konsulentoppdrag. Dermed har bedrifta tatt steget utanom si tradisjonelle kundegruppe i olje- og energiindustrien.

— Desse avtalane gjev oss eit nytt bein å stå på. Rammeavtalen med Sjøfartsdirektoratet betyr at me kan tilby oppdrag til lokale konsulentar og kandidater. Den opner også for at me kan gje oppdrag til nyutdanna konsulentar, seier avdelingsleiar Torleif Heggebø.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund