Over og ut for kraftverk i Svandalsfossen

10.02.2012
Olje- og energidirektoratet har vedtatt å oppretthalda Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) sitt nei til Svandalsfossen kraftverk.



– Eg er skuffa. Meir skuffa enn eg vanlegvis er ved slike avslag, for totalen i dette prosjektet var så spennande, seier Bjørn Sæle, Haugaland Kraft sin prosjektleiar for utbyggingsplanane i Svandalsfossen til lokalavisa "Ryfylke".

Avgjerda til olje- og energidepartementet er endeleg, og kan ikkje ankast.

Også Sauda-ordførar Frode Sulen og Sauda Vekst-sjef Inge Løyning er skuffa over avgjerda som nå set ein stoppar for utviklingsplanane i området.

Men hos Naturvernforbundet i Rogaland jublar dagleg leiar Erik Thoring.

– Eg er ikkje overraska. Derimot synest eg at det er tillitsvekkande at NVE gjer eit grundig og skikkeleg arbeid i desse sakene, seier han og oppmodar Sauda til å heisa flagget.
 
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund