Rekordhøg krafteksport

22.02.2012
Noreg eksporterte 4,2 TWh straum i fjerde kvartal 2011. Det er den høgaste nettoeksporten registrert i dette kvartalet nokon gong.
- I vasskraftlandet Noreg samsvarar høge tilsig som regel med høg kraftproduksjon. Når magasina er tilnærma fulle, som i fjerde kvartal, må vasskraftprodusentane produsere for å vere sikre på at dei har plass til vatnet som kjem når snøen smeltar om våren. Produksjonsnivået førre kvartal var derfor på nivå med produksjonen i fjerde kvartal 2010, trass i langt mindre innanlandsk forbruk, seier avdelingsdirektør Marit L. Fossdal i NVE.

Kraftoverskotet sikra rekordhøg nettoeksport på 4,2 TWh i 4. kvartal. Totalt for 2011 var den norske nettoeksporten 3,0 TWh, mot 7,5 TWh nettoimport i 2010. Omslaget frå nettoimport til nettoeksport gjev eit godt bilete på den forbetra ressurssituasjonen frå det eine året til det andre. Medan 2010 jamt over var eit tørt og kaldt år, var det i 2011 både våtare og varmare enn normalt.

Les heile pressemeldinga her: http://www.nve.no/no/Nyhetsarkiv-/Pressemeldinger/Hog-eksport-og-lage-prisar/
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund