Rogaland har minst arbeidløyse

06.05.2013
Nye tal for sysselsetjing viser at Rogaland har no ei arbeidsløyse på 1,7 prosent, skriv Grannar.
Ved utgangen av april er 4.283 personer heilt arbeidslause i Rogaland. Dette utgjer 1,7 prosent av arbeidsstyrken og er to prosent lågare enn i same periode i fjor.

Rogaland ligg dermed aleine på botn med den lågaste arbeidsløysa av alle fylka, etterfylgt av Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal på 2,0 prosent. I heile landet er 2,6 prosent av arbeidsstyrken utan arbeid.

— Haugesund kommune slit med den høgaste arbeidsløysa i fylket, men det er også her me ser at nedgangen i talet arbeidslause er størst, seier direktør i NAV Rogaland Truls Nordahl. Haugesund har 25 prosent færre heilt arbeidslause samanlikna med same periode i fjor.

— Det blir færre heilt arbeidslause i fleire kommunar på Haugalandet, medan det er ein liten auke i arbeidsløysa i Stavanger-regionen og i Ryfylke. Dalane-regionen har ein svært stabil arbeidsløyse samanlikna med april i fjor, fortset Nordahl.

Stavanger og Egersund har lågast arbeidsløyse av dei store byane i fylket, med høvesvis 1,6 og 1,5 prosent. Sandnes har ein arbeidsløyse på 2.0 prosent, medan det i Haugesund og på Karmøy er høvesvis 2,7 og 2,4 prosent helt arbeidslause.

Les heile saka her: http://grannar.no/2013/05/har-minst-arbeidsloyse/
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund