Røldal vil bli størst

14.11.2012
Røldal kan få eit av landets største skianlegg. Skisenteret har planar om investeringar for 150 millionar kroner i nye heisar og skianlegg.

Går alt i boks vil me i storleik målt i areal vera eit skianlegg som kan tevla med dei største i landet, sier dagleg leiar i Røldal skisenter, Oddvar Bratteteig til Aftenbladet.

I første omgang er det konkrete planar om ein ny ekspressheis frå undergangen nede ved hyttefeltet, over E134 og opp til det eksisterande skianlegget.

Dette åleine er ei investering på 40 millionar kroner, og hvis byggeløyve og konsesjon blir gitt og finansieringa kjem på plass kan den nye heisen opnast om eit års tid.

Men styret slutta seg også til ein utviklingsplan som mellom anna inneber bygging av ein ekspressheis nummer to på vestsida av europavegen, mot Sauda. Dette er i dag jomfrueleg område som ennå ikkje er gjort tilgjengeleg for alpinturistane.

- Men me tek stein for stein. Fokus er i første omgang første byggetrinn og ekspressheisen der.

Då vil det også bli lagt ut eit nytt "ski in-ski out" hyttefelt, kor hyttegjestene kan spenna på seg aplinskia på hyttetrappa, renna ned til heisen, ta han til topps og renna ned til hytta si att.

Me har god tru på at dette blir eit populært område, og godt sal av tomter er også viktig for finansieringa av den planlagte utbygginga, legg Bratteteig til
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund