Satsar stort i Brasil

27.09.2010
Eide Marine Services i Sunnhordland er på full fart inn i den brasilianske marknaden. Eg ser for meg at det må tilsetjast nærare 200 personar dei neste to åra, seier direktør Georg Eide.

– Det vil heilt sikkert også medføra at me veks ut av kontorlokala våre i Høylandsbygd. Me er klare for å byggja nytt, men ser helst at kommunen også spelar på lag med oss. Ikkje at dei skal finansiera sjølve bygginga, men me kan ikkje rusta kraftig opp lokalt om kommunen ikkje gjer noko for å oppretthalda ein viss infrastruktur, seier Eide, som er administrerande direktør for verksemda med hovudkontor i Høylandsbygd, der han sjølv eig sjølv hundre prosent av aksjane. I fjor omsette selskape kring 400 millionar kroner, og har nærare 200 tilsette.

Eide og prosjektleiar Sønstabø har meir eller mindre pendla til og frå Brasil det siste året.

– I tillegg til at det var viktig å få modellen av Eide Intervention på plass på Lupatech sin stand under oljemessa, har me brukt den siste turen til å opna eigne kontor i Rio. No byrjar den tøffe jobben med å rekruttera arbeidskraft. Eide Marine skal ha godt 30 mann på kvar av fartya, og i tillegg må me få på plass ein eigen operasjonsorganisasjon her nede. Eg ser for meg at det må tilsetjast nærare 200 personar dei neste to åra, seier Eide ti lokalavisa Sunnhordland.

Les meir her:
http://www.sunnhordland.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20100927/NYHENDE/709279991
http://www.oilinfo.no/?event=dolink&famID=131052
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund