Scarabeo 8 gav Westcon-boom

25.06.2012
Westcon Yards i Ølensvåg kan takke Scarabeo 8 for rekordomsetningen i fjor. Verftet omsatte for over 4 milliarder kroner, men bunnlinja er ikke større enn den bør være.
Resultatet før skatt i fjor var nesten 381 millionar kroner, over ei tredobling frå året før. Omsetninga gjorde eit kvantesprang frå nærmare 1,7 milliardar kroner i 2010 til nesten 4,4 milliardar året etter, skriv lokalavisa Grannar.

Ein omsetningsvekst på 258 prosent på eitt år er fasiten etter oppdraget med oljeriggen Scarabeo 8 for den italienske eigaren Saipem.

Riggen var under arbeid i Ølensvåg i heile 2011. I tillegg til Scarabeo hadde Westcon tre andre riggoppdrag i fjor. Westcon Yard AS saman med Westcon Power & Automation og Westcon Løfteteknikk, er dei største motorane i konsernet der 19 selskap er med i rekneskapen.

Administrerande direktør Øystein Matre i Westcon Group AS og Westcon Yard AS meiner 2011 er eit ekstraordinært år.

— Fjoråret var spesielt ved at Scarabeo løfta omsetninga og resultatet. I forhold til omsetninga er ikkje botnlinja større enn den bør vere, men vi kan vere stolte over korleis organisasjonen har stått på og takla denne utfordrande jobben, seier han.

Mot normalt Uansett sit Westcon igjen med eit formidabelt resultat samanlikna med tidlegare år.

— Pengane får bein å gå på. Vi har nyleg investert for 160 millionar kroner og har konkrete planar om 60 nye millionar i utviding av ein hall og ein ny miljøstasjon. Det er ein syklisk bransje, og vi må heile tida vere i front, seier Matre.



Han meiner dei no er tilbake til striskjorte og havrelefse etter eit uvanleg år.

— Det går i toppar og no er vi tilbake til eit meir normalt år. Vi har lagt fjoråret bak oss og arbeider med nye oppdrag, seier han.

Matre vil ikkje ut med konkrete tal for kor stor betydning Scarabeo 8 hadde for omsetninga, men han ser ei omsetning på 1,5 og 2 milliardar som eit naturleg nivå for gruppa.

Det er altså under halvparten av gullåret med Scarabeo.

Les mer her:

http://www.grannar.no/index.cfm?event=doLink&famID=298579&frontFamID=67945
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund