Sikrer ingeniør-rekruttering

15.11.2011
Industrien på Stord går nye veier for å rekruttera ingeniørar. Saman med lokale skular skal unge stordabuer sikrast utdanning gjennom teori og praksis ved lokale industribedrifter.

I utkanten av Europas arbeidslause manglar Norge 7400 ingeniørar. Fire stordbedrifter har ein unik løysing på å kunne handtera nye, store offshoreoppdrag, skriver bt.no i sin omtale av prosjektet.

Espen Furre blir liten attmed det sju etasjars bustadkvarteret som reiser seg under halltaket hos Apply Leirvik på Stord. Når aluminiumklossen neste sommar blir overført til Statoils Gudrun-plattform, vil platearbeidaren frå Sagvåg ha lagt bak seg hundrevis av undervisningstimar i matte, fysikk, norsk og engelsk. For frå i dag er 26-åringen både lønsarbeidar og student, som ein av 35 industritilsette tatt opp i eit nytt og unikt ingeniørstudium.

- Matten blir ei utfordring. Men òg eit interessant fag med logiske svar som det er ei god kjensle å finna løysing på, seier han.

Espen Furre er van med å klatra på jobben. No vil han stiga i gradene og bli ingeniør. Som student i kjeledress.

Høg snittalder
- Med ein mangel på 7000–8000 ingeniørar er det positivt med alle initiativ som gjer fleire ingeniørar tilgjengelege. Stor ingeniørkompetanse vil vera ekstra viktig for å vinna framtidige offshoreoppdrag, seier Jan Hodneland, direktør for arbeidsliv i Oljeindustriens Landsforening (OLF).

- Ikkje minst er det viktig å få ungdom til å velja ingeniøryrket, ettersom gjennomsnittsalderen i den norske ingeniørstanden tek til å bli høg, seier Hodneland.

OLFs siste konjunkturrapport skisserer optimisme i oljenæringa og høg aktivitet på norsk sokkel dei neste åra, trass mørke utsikter for verdsøkonomien. Sokkelinvesteringane målt i 2011-prisar kan gå opp til ein topp på 185 milliardar kroner i 2014, frå rundt 153 milliardar i år. Norsk leverandørindustri får med andre ord store oppgåver å bryna seg på, men har dei siste åra møtt hardare konkurranse frå verft i Asia og Aust-Europa.

Les mer her:
http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Sikrar-jobben-med-matte-2609429.html
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund