Skadefritt for første gong

09.01.2013
SørNorge Aluminium på Husnes kan sjå tilbake på første året isidan oppstarten i 1965 der det ikkje er meldt om ein einaste skade ved aluminiumsverket.

DETTE ER er noko me er svært stolte over, og me vil rosa heile arbeidsstokken. Trass i ein tung periode med permitteringar og ei usikker framtid, har ein vist gode haldningar og retta merksemda på ein god HMS-kultur som er bygd opp gjennom fleire år, seier verne- og tryggleiksleiar Finn Are Bentzen til lokalavisa Kvinnheringen. Bentzen har god grunn til å vera stolt over slikt, og ekstra gledeleg for verksemda er det at dei på tampen av fjoråret fekk på plass ein avtale som sikrar dei billeg straum fram til 2022. Såleis kan ein seia at 2012 var eit godt år for Søral.

I GJENNOMSNITT var det 260 personar i jobb på Søral i fjor, og det vart rapportert om 30 nestenulukker. Fire av desse vert kategoriserte som «stort farepotensial». Det viser at ein aldri kan slappa av og tru at ting går av seg sjølv. For å unngå skader må ein heile tida ha fokus, og me er glade for at større lokale bedrifter synast å ha det. Det verkar også som at terskelen for å melda frå om nestenulukker og er låg, noko som verkar førebyggjande i høve til ulukker og skader.

EIN NULLVISJON må alltid vera målet, men det er umogeleg i praksis. Frå før veit me at Kværner Stord og Apply Leirvik gjer si HMS-heimelekse, og me skal ikkje lenger enn fire månader tilbake i tid då tilsette i Wärtsilä sin elektro- og automasjonsfabrikk i Grunnavågen hadde jobba 1.500 dagar, som vil seia nesten fire år, utan fråværsskadar. Dette er rekord for Wärtsilä si fabrikkverksemd i Noreg, og viser at dei lokale hjørnesteinane er gode føredøme for små og mellomstore bedrifter.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund