Solstad satsar tungt i Asia

01.11.2011
Skudeneshavn-reiarlaget Solstad Offshore gjer klart for tunge løft i Asia. Reiarlaget styrer om lag 20 prosent av flåten, i alt 10 skip frå avdelinga i Singapore.

Eit av skipa er eit digert installasjonsfartøy. som er blitt ei tung utfordring for Solstad. Resten av Singapore-flåten er samansett av konstruksjons- og ankerhandteringsfartøy.

- Me har stor aktivitet i offshoremarknaden i Søraust Asia i den næraste framtid. Her er det viktig å vera, seier sjef for dotterselskapet Solstad Offshore Pacific Asia, Sven Stakkestad. Han legg til at Asia har den sterkaste økonomiske veksten og at det vil skje store utbyggingar offshore heilt i frå Midt Austen til Australia. Her vil by seg mange mulegheiter dei komande åra, seier Stakkestadtil aftenbladet.no.

Selskapet Nor Offshore i Singapore har gjennom meir enn seks år hatt delt eigarskap med Kyrkjebø-familien frå Bergen. Men i fjor kjøpte Solstad ut partnaren og står nå på eigne bein i Asia.

Nær 300 tilsette
Etter det Aftenbladet har grunn til å tru ville ikkje Kyrkjebø vera med å finansiera kostnadsoverskridingane på det nye tungløft- og røyrleggingsfartøyet "NorCE Endeavour" som blei fleire hundre millionar kroner dyrare enn budsjettert.

- Selskapet vårt her i Singapore er nå inne i ein konsolideringsfase, seier Sven Stakkestad, som har vore tilsett hos Solstad i ein liten mannsalder. I tillegg til ansvaret for verksemda i Singapore, held han fram i jobben som assisterande direktør i konsernet. Stakkestad seier at avdelinga i Singapore, som nå er 100 prosent eigd av Solstad Offshore skal fullt ut integrerast i resten av organisasjonen.

I Singapore har Solstad om lag 40 tilsette på land og 260 sjøfolk fordelt på 10 skip. Ni av skipa har oppgåver.

Les mer her:
http://www.aftenbladet.no/energi/olje/Tunge-lft-i-Asia-2887249.html
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund