Stor interesse for ingeniørstudium

07.03.2013
De tunge industribedriftene ønsker flere elektroningeniører. HSH svarer og til høsten starter et nytt deltidsstudium. Over 30 har allerede meldt seg på.
– Studiet kjem etter ynskje frå næringslivet, og både Kværner Stord, Wärtsilä, Aibel, Westcon og Apply Leirvik har ytra ynskje om eit slikt studium.

Frå vår side håpar me å byggja opp eit miljø innan elektroingeniør med nye klassar kvar haust, seier Olav Melbo, som er prosjektleiar for studiet på HSH til lokalavisa Sunnhordland.

Studiet er spesielt mynta på dei med fagbrev, og er lagt opp som deltidsstudium gjennom fire og eit halvt år. Det tyder at ein kan kombinera det med jobb.

– Det kan bli tøft å kombinera studiet med full jobb, og me tilrår studentane å leggja opp med to dagar skule, og tre dagar jobb, seier Melbo.

Studiestad er Haugesund, men forelesingane vil bli tilgjengelege nær sagt kor ein er. Dei praktiske oppgåvene må som hovudsak løysast i Haugesund.

– Me har allereie 36 søkjarar til studiet, og det er framleis ein månad til søknadsfristen går ut. Det tyder at studiet kan bli populært. Me har ikkje diskutert kor mange studentar me har plass til, seier han.

Arbeidsmarknaden for elektroingeniørar er for tida veldig bra.

– Dette er sjølvsagt litt avhengig av konjunkturar. Men fleire verksemder har sagt at dei kunne ha tilsett fleire hundre elektroingeniørar på dagen, seier Melbo.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund