Stor kontrakt til Bømlo-bedrift

28.06.2012
Servogear på Bømlo har inngått en stor kontrakt med Fjellstrand AS om leveranse av framdriftsanlegg til seks nye arbeids- og serviceskip for offshore vindkraftparker.
 Kontrakten har ein opsjon på fire i framdriftsanlegg i tillegg i 2013, og kan bli en av de største enkeltkontrakter i selskapets 40-årige historie. Den kan være verdt over 30 millionar kroner, skriv Bømlo-Nytt.

– Det er det danske reiarlaget World Marine Offshore som har tinga fartya. Dei skal ha base i danske Esbjerg. Me er naturleg nok svært glade og stolte over at me fekk kontrakten, seier salssjef Thorleif Stokke til avisa.

Skipstypen er kalla WindServer og er basert på eit nytt design med tre skrog og lita vassflate ved overfart. Dei er utvikla med støtte frå britiske Carbon Trust, ein organisasjon som er oppretta for å hjelpa fram konsept som er energisparande og som reduserer Co2-utsleppa.

Ingeniørane hos Servogear har vore med og utvikla designen for framdriftssystema som skal inn i desse spesialfartya.

Kvart av dei skal ha firemotors anlegg med to vribare propellanlegg. Dei har ein marsjfart på 25 knop.

Sidene i ordrebøkene er tettskrivne hos Servogear AS framover. Stokke reknar med at dei vil landa på ein omsetnad kring 80 millionar i 2012 viss alt går etter planane.

– Me er også glade for at 2013 er så godt som i boks. Me har kring 75 prosent av marknadsdelene innanlands i vårt segment, så heimemarknaden er viktig for oss.

Men me er eit lite land og skal me veksa må me utanlands. Salssjefen forklarar at marknadsdelen på verdsbasis er så liten at dei kan plukka marknadsdeler sakte, men sikkert, sjølv i ein svingande marknad.

Servogear AS ble etablert i 1973 og holder til på Rubbestadneset på Bømlo. Selskapet utvikler og produserer fremdriftssystemer for hurtiggående skip.

Les meir her:
http://www.bomlo-nytt.no/index.cfm?event=doLink&famID=299191
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund