Tenk lengre enn langt

21.08.2019
Fra venstre: Sigve Lervik frå Hustvedt & Skeie, Øystein Matre administrerande direktør i Westcon, Asbjørn Moe dagleg leiar i Fikse Næringsforening, Helge Orten leiar for transport- og kommunikasjonskomiteen, Modolf Haradseid frå Vindafjord Høyre og Lars Olav Bergsvåg frå Etne Høyre.
Samferdselstoppen mener vi må  bygge veier over lengre strekninger, og ikke tenke enkeltprosjekter
Me må sjå heile strekningar i eitt, understreka Helge Orten (H), leiar for transport- og kommunikasjonskomiteen då han møtte lokale politikarar og representantar frå næringslivet denne veka.

Orten oppmoda til å rette fokus mot heile strekningar og ikkje enkelte prosjekt, då blir også samfunnsnytten tydlegare, skriv Medvind24

- Me må sjå heile strekningar under eitt, og me må gi handlingsrom til anten Statens Vegvesen eller Nye Veier, alt etter kven av dei som bygger ut, til å bruke faglege argument på korleis dei vil utvikle strekningane, seier Orten.

Orten meinar at det blir viktigare å tenke overordna strategisk rundt Nasjonal Transportplan, der det å auke nytteverdien i kvart enkelt prosjekt vil få meir fokus. Nytten kan aukast på fleire måtar, til dømes ved å få ned kostnadane, redusere reisetida og auke trafikktryggleiken.

I møtet med representantar frå Etne og Vindafjord sine høgreparti, Asbjørn Moe dagleg leiar i Fikse Næringsforening, Sigve Lervik frå Hustvedt & Skeie, og Øystein Matre administrerande direktør i Westcon torsdag var agendaen E134 og det å velje lønsame vegprosjekt som har positiv samfunnsnytte.

- Me ønskjer at lønsame prosjekt blir prioritert. Spesielt nå når ein må sjå meir på rassikring, er det viktig at ein vel å ta pengane frå mindre lønsame strekningar og ikkje dei strekningane der utgreiingar viser positiv samfunnsnytte, fortel dagleg leiar i Fikse Næringsforening, Asbjørn Moe.

Bakka - Solheim


Det vart og sett fokus på prosjektet Bakka-Solheim og spesielt strekninga frå Ølen til Stordalen som er ein av dei mest utfordrande strekningane frå Haugesund til Seljestad.

- Lokalt ønskjer me spesielt å sette fokus på strekninga mellom Etne og Ølen i Bakka – Solheim-prosjektet, og ønskjer ny veg frå Etne til Stordalen. Dette vil me ha inn i Nasjonal Transportplan, seier Moe.

Orten fekk sjølv erfare strekninga frå Ølen til Stordalen då han etter møtet fekk skyss med eit av vogntoga til Hustvedt & Skeie frå Fatland og austover.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund