HSH med nytt studietilbod på nett

22.01.2013
Til hausten går HSH og Studiesenteret.no på lufta med eit studietilbod. Det blir fyrste steget i ein ny samarbeidsavtale kor fleksible utdanningar ut til heile landet står i sentrum.
Like før jul skreiv HSH og Studiesenteret.no under på ein ny samarbeidsavtale. Målet er å tilby utdanningar utanfor kampus ved hjelp av nettbaserte læringsressursar.

- Det fyrste tilbodet me prøver ut er vidareutdanninga ”Pleie og behandling av ikke-helende sår”. Dette er eit studium som har større nedslagfelt enn vår eigen region, og me er spente på mottakinga av dette, seier Ernst Wilhelmsen som leiar arbeidet med etter- og vidareutdanning i HSH.

Kort fortalt fungerer undervisingsopplegget med Studiesenteret.no slik:

- Me filmar undervisinga og overfører direkte til ulike studiesentra ved fleire kommunar rundt omkrig i heile landet, kor studentane sit i lag, slik at dei har eit studiemiljø. Det er viktig, poengterer Wilhelmsen.

Han har tru på at samarbeidet med Studiesenteret.no kan utvikla seg.

- Dette samarbeidet og måten me gjer det på vil bidra til å få høgare utdanning ut til mange.

- Dei har drive med dette i fleire år og har god erfaring. Samstundes er dette med fleksibel læring noko me har jobba med i HSH i mange år, og som me satsar meir og meir på.

Førstelektor Arne Langøen i HSH er den som har hovudansvaret for vidareutdanninga som ein no samarbeider om. Han har erfaring med undervising og rettleiing over nettet, og gler seg til å ta fatt.

- Dette kjem til å bli kjekt. Me legg opp til fire samlingar, og vil samkøyre utdanninga i Haugesund med den me no planlegg i Nord-Noreg i lag med Studiesenteret.

Les heile saka her: http://www.hsh.no/nyheter/2013010000002241
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund