Midtre trasè får støtte

11.02.2013
På fylkesårsmøtet i helga vedtok Venstre å gå inn for midtre trasé over Bjørnafjorden for E39 fra Bergen til Stavanger. Det kan sikre alternativet fleirtal i fylkestinget
- Vi skal ta vare på miljøet og byggje den grønaste stamvegen i Europa, seier Alf Helge Greaker (V), som er nestleiar i samferdsleutvalet i Hordaland fylkesting til bt.no.

Venstre gjekk på fylkesårsmøtet i helga inn for midtre traseen over Bjørnafjorden, på den planlagte ferjefrie E39 mellom Bergen og Stavanger. Som det miljøpartiet dei er, meiner dei midtre trasé òg vil gjere det lettare å byggje jarnbane på strekninga, i tillegg til vegen.

Fleirtal med Høgre

Frå før har òg Framstegspartiet gått for midtre trasé, og det er dermed berre Høgre som står att før det er fleirtal for traseen i fylkestinget.

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) seier Høgre ikkje har teke stilling enno, trass i eit tidlegare vedtak om å gå for indre trasé om Fusa.

- Det vart fatta i samband med den førre diskusjonen, heilt tilbake i 1997. Så eg vil ikkje seie vi har noko offisielt standpunkt for det eine eller andre enno, seier han.

Les meir her:

http://www.bt.no/nyheter/okonomi/Venstre-gar-for-midtre-E39-2842710.html
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund